Hopp til innhold

Stor kontrakt for MMC Kulde

MMC Kulde på Vigra og i Tromsø har fått ein kontrakt på levering av lastfryseanlegg til fire frysetrålarar til Murmansk. For MMC er dette ein svært viktig kontrakt, som har ein verdi på opp mot 100 millionar kroner. Petter Kåre Grytten i MMC seier dei er veldig glad for kontrakten, og understrekar at det ikkje er lett å komme inn på den russiske marknaden.

Petter Kåre Grytten
Foto: Pressefoto / MMC Kulde