Stor interesse for smoltproduksjon

På kva måte ein skal produsere framtidas oppdrettslaks blei eit sentralt tema under smoltkonferansen på Sunndalsøra tysdag.

Smolt ved Salten havbrukspark

Bruken av opne og lukka anlegg blei sentralt under smoltkonferansen på Sunndalsøra tysdag.

Foto: Ola Helness / NRK
Mette Sæter Ormset, Sunndal Næringsselskap

Mette Sæter Ormset, Sunndal Næringsselskap, fortel at det er stor interesse for smoltproduksjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På Sunndalsøra blir det denne veka arrangert ein internasjonal konferanse som sett fokus på mellom anna smoltproduksjon og resirkulering av vatn aquakulturanlegg.

Mette Sæter Ormset i Sunndal Næringsselskap fortel at dei merkar ei stor interesse for temaet, både nasjonalt og internasjonalt.

– Det er ikkje tvil om at dette er ei vekstnæring. Denne konferansen er retta mot både oppdrettarar, forskarar, myndigheitene og leverandørar, så vi når breitt. Det er ei ganske stor interesse for dette på verdsbasis, seier

Større bruk av lukka anlegg

For nokre vil det kanskje virke uvanleg å plassere ein stor internasjonal konferanse på ein liten plass som Sunndalsøra. Men det mange kanskje ikkje veit er at det finst eit etablert forskingsmiljø på Sunndalsøra, som i mange år har jobba med fisk og oppdrettsfisk. Matforskingsinstituttet Nofima har hatt base på Sunndalsøra i fleire år, og jobbar mellom anna med resirkulering av vatn i lukka anlegg både på land og i sjøen.

Bendik Fyhn Terjesen seniorforsker Nofima

Bendik Fyhn Terjesen er seniorforskar i Nofima på Sunndalsøra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi meiner det gir miljømessige fordelar og fører til betre velferd og helse for fisken, seier Bendik Fyhn Terjesen, seniorforskar i Nofima.

Bruken av slike anlegg har også vore med på å redusere og hindre lus på fisken.

– Dersom vi aukar tida fisken er i slike anlegg så får vi også redusert luseproblemet, seier Terjesen.

Han fortel at det har vore ei stor utvikling i Noreg knytt til bruken av slike lukka anlegg.

– For eitt par år sidan var vi ikkje med i det heile tatt. No har det derimot snudd heilt, og det er Noreg som er i førarsetet, seier Terjesen.

Frode Mathisen i Grieg Seafood er ein av dei andre store aktørane på dette området. Han meiner det beste for fiskenæringa i Noreg er å kunne kombinere bruken av opne og lukka anlegg.

– Eg meiner det er viktig at Noreg også utnyttar det fortrinnet vi har med open sjøproduksjon. Eg trur ein kombinasjon er vegen å gå for å få eit betre sluttresultat, seier han.

Vidareutvikling sentralt

Også statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Roy Angelvik, deltok på smoltkonferansen på Sunndalsøra. Han meiner det er viktig at det blir sett fokus på tema som smoltproduksjon.

– Skal vi ha laks må den kome frå ein plass, og den startar gjerne som smolt. Då er det viktig at det miljøet også blir vidareutvikla og at vi ser på nye metodar både for fiskens helse, kvalitet og levedyktigheit slik at vi får eit betre produkt, seier han.

Også Angelvik ser for seg ei framtidig løysing kombinerer opne og lukka anlegg i større grad.

– Difor er det viktig at vi har god nok kunnskap på alle område. Mange land er nysgjerrige på vår kunnskap så vi er nøydd til å ha foten på gassen. Men eg vil understreke at det også er viktig å ta omsyn til miljøet og dei rammevilkåra som til ei kvar tid er sett, seier han.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.