Fredag var det premiere i Festiviteten på stykket "Faust" av Goethe, akkompagnert av heavy-metal-musikk. Det er første gong ein opera blir akkompagnert av slik musikk.
– Over all forventning
Marknadsansvarleg Rune Svendsen i operaen seier presse frå heile Noreg og fleire europeiske land har skrive om framstillinga, og at operaen aldri nokon gong har hatt slik merksemd rundt noko dei har gjort.
Mephisto spelt av Nils K. Rue og Eli Kristin Hagen som Margrethe. (Foto: Kjell Herskedal/Scanpix)
– Dette her var over all forventning, seier Svendsen.
BBC radio
Dei var på førehand svært spente på korleis både publikum og pressa skulle reagere, sidan dette skil seg sterkt frå den tradisjonelle oppfatninga av kva opera er. Men så, like før premieren, byrja det å melde seg presse frå alle kantar av landet og Europa. På premieredagen ringde til og med BBC radio og gjorde intervju med bandet Pica Fierce og tidlegare operasjef Olav Grytnes, fortel Rune Svendsen.
No går "Faust"-operaen vidare til Sunndalsøra, Molde og Ålesund.