Hopp til innhold

Stor interesse for ingeniørjobbar

Kleven har lyst ut seks stillingar som senioringeniørar. No merkar dei stor interesse. Verftet vil satse trass i nedgangstider og jaktar personar med avansert teknisk kompetanse.

Kleven har lyst ut seks ingeniørstillingar og får svært god respons.

Det er stor interesse for seks ledige senioringeniørstillingar ved Kleven. Foto/redigering: Arne Flatin.

– Kleven tok i bruk ei ny sveiselinje med robotar for ei tid tilbake. Det er mellom anna til denne at dei treng folk med spisskompetanse. Det er vanskeleg å skaffe denne typen fagfolk i Norge, seier teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand i Kleven til NRK.

Stor interesse

Sigbjørn Nordstrand

Sigbjørn Nordstrand, teknisk direktør i Kleven.

Foto: Arne Flatin / NRK

Stillingane har vore ute på marknaden ein periode allereie, men søknadsfristen har ikkje gått ut.

Interessa for jobbane er stor, men kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund reknar med at endå fleire kjem til å søke før fristen går ut 1.oktober.

NAV i Møre og Romsdal opplyser at det no er berre 22 ledige stilingar for samlegruppa IKT og ingeniørar.

Dei meiner det er spesielt at eit verft lyser ut seks ingeniørstillingar på same tid slik marknaden er no.

– Det snur

Ivar Flusund, Kleven

Ivar Flusund er veteran ved teknisk avdeling på Kleven.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein av veteranen på teknisk avdeling ved Kleven, Ivar Flusund, har 23 års fartstid ved verftet i ulike periodar.

Han rår unge folk til å satse på ingeniøryrket.

– Det vil alltid vere oppgangstider og nedgangstider, seier han.

Flusund er sikker på at det snur også denne gongen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL