Stor interesse for Indiefjord

Denne helga blir festivalen Indiefjord arrangert på Bjørke på Sunnmøre. Festivalen som nyttar heile bygda som festivalarena kan mellom anna by på musikk, turar og ulike kurs. Indiefjord har blitt arrangert sidan 2014 og får artistar og besøkande både frå nærområdet, men også frå utlandet. Arrangør og initiativtakar, Silje Haddal Mork, seier de har vore stor interesse for årets festival. Ho trur det er fleire ting som lokkar folk til festivalen. – Naturen og god musikk er store delar av det. Men det er også ein svært inkluderande festival. Du føler deg som ein del av bygda og storfamilien, seier ho.

Silja Haddal Mork
Foto: Silje Bjerknes / NRK