Hopp til innhold

Stor gras- og lyngbrannfare

Vi har hatt noko av den beste oktober månad vi kan minnast. Men finvêret har ei bakside. No er det stor fare for brann i gras og lyng.

Lyng høst

Det er svært tørt i skog og mark. Lyngen har stor brannenergi.

Foto: Roar Strøm / NRK

Brannvesenet i fleire kommunar åtvarar no mot å tenne bål. Nokre vurderer også å innføre forbod.

– Det kan bli aktuelt å innføre forbod. Dette er noko vi må vurdere fortløpande, seier Steinar Flusund, vakthavande brannsjef i Molde.

Den fjerde oktober varsla meteorologane det dei kalla eit superhøgtrykk. Dette høgtrykket har halde seg over vårt område sidan, og det ser ut til å halde fram.

Laster Twitter-innhold

I førre veke trudde meteorologane at høgtrykket kom til å forsvinne for godt. Men no ser det ut til at høgtrykket kviknar til at og vender tilbake.

– Høgtrykket er såpass nær at det held lågtrykk og regn på ei armlengdes avstand. Om det kjem regn ytst på kysten er det berre småtteri, seier meteorolog John Smits.

Og brannfaren er reell. Sjølv om lyngplanten er liten av vekst kan brann i lyng og gras utgjere ein reell trussel.

Lyng har høg brannenergi, og han tek lett fyr. Om det først tek fyr vil flammane spreie seg fort. Dette gjeld spesielt om vi har vind samstundes, seier Flusund.

Flusund presiserer at det er forbode å starte ein brann og at det er forbode å gjere opp eld på ein slik måte at terrenget tek fyr.

Dette er den einskilde sitt ansvar, seier Flusund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL