Hopp til innhold

Hødd jublar: – Nesten litt synd på Brann

Byen er Ulsteinvik og laget er Hødd. Fotballstemninga i byen ved havet er stor dagen etter at dei blåkvite sende Brann heim til Bergen med krumma nakke og svekka sjølvtillit.

Hødd slo Brann 3-0. I dag nyt heile Ulstein sigeren.

Stor jubel på Høddvoll måndag. Også dagen derpå er stemninga stor.

Dei er ein samansveisa gjeng, laget frå skipsbyggjarbyen Ulsteinvik. Dei har lært seg at det ikkje nyttar å sove i timen. For Fredrik Aursnes blei det knapt søvn i natt heller.

Nei, eg prøvde ikkje å sove heller, seier han.

Han scora det tredje målet til Hødd på eit langskot frå minst tjue meter.

– Det var veldig kjekt å score. Det skjer ikkje så veldig ofte. Det var veldig gøy. Det var veldig mykje folk på stadion og vi spelte godt, seier Aursnes.

Medan det gnistra av Hødd såg Brann langt meir nervøse og ubeslutsame ut. Det la også Hødd-spelarane merke til undervegs i kampen.

– Det verka som om dei spelte med høge skuldrer. Det var nesten som om eg tykte synd på dei, seier Eirik Ulland Andersen. Det er tøft i førstedivisjon og det vil dei merke endå meir, legg han til.

No nyt laget sigeren. Mange, også i Hødd-miljøet, trur Brann kjem til å hevde seg høgt på tabellen ut over hausten. Men i toppen av førstedivisjon, der skal også Hødd vere, seier dei.

Erik Huseklepp

Sjå kontrastane mellom det øvste biletet og dette. Brannspelarane var langt nede etter tapet mot Hødd. Her er Erik Huseklepp på Høddvoll måndag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL