Hopp til innhold

Stor fjære etter solformørkelsen

Mange la merke til den uvanleg låge fjæra fredag ettermiddag.

Stor fjøre under solformørkelse

Det var godt merkbart at fjæra var større enn vanleg i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ida Marie Solbrekke

Ida Marie Solbrekke er statsmeteorolog hos Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Vervarslinga

– Vi har ikkje noko statistikk på dette no, men det er ikkje usannsynleg at det særleg lågt tidvatn i dag, nei.

Det seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke. Ho seier dette har samanheng med den mykje omtalte solformørkelsen.

– Ja, det har det heilt klart, seier ho.

– Truleg synleg dei fleste stader

Brosundet i Ålesund

Lågt vatn i Brosundet i Ålesund fredag ettermiddag

Foto: Remi Sagen / NRK

I Ålesund kunne ein fredag ettermiddag sjå at vatnet stod svært lågt i Brosundet. Og her kjem forklaringa:

– Når månen og sola står bak kvarandre har det større utslag på tidvatnet. Kreftene på månen og sola står i same retning og då blir det også større utslag på flo og fjære.

Brosundet Ålesund

Båtar i Brosundet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho trur dette har vore merkbart over heile landet.

Ja, det har det nok vore, seier Solbrekke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL