NRK Meny

Stor ferjekø på Vestnes

Det har danna seg lange køar på ferjekaia på Vestnes, og Fjord1 klarer ikkje å ta unn all trafikken. Ingen av ferjene i sambandet Molde- Vestnes har driftsproblem. Fjord1 har sett inn ei Moldefjord som ekstraferje resten av dagen for å hjelpe til med å ta unna køane. Fellesferie, kombinert med mange arrangement rund tom i fylket, er truleg årsaka til at det er ekstra stor trafikk på sambandet over Romsdalsfjorden no i ettermiddag.