Det var under ei stor nasjonal øving i helga der deltakarar frå den norske alpine redningsgruppa øvde seg på breredning på Regndalsbreen i Møre og Romsdal, at det blei tydeleg kor mykje breen hadde smelta.
– Vi flaug over breen fleire gongar og såg at den hadde smelta kraftig og trekt seg langt tilbake, fortel Jan-Gunnar Hole, leiar i Sunnmøre alpine redningsgruppe.
Farlege situasjonar
Hole fortel vidare at bresmeltinga kan skape fleire farlege situasjonar, og meiner folk må vere merksame når dei beveger seg i områder med stort farepotensial.
– På Regndalsbreen heng det store isblokker over det området der folk vanlegvis går. Det har potensial til å skape stor skade dersom desse skulle rase ut på feil tid, seier han.
Han er uroa over utviklinga og seier at liknande situasjonar tidlegare har ført til fatale ulukker.
– Den situasjonen som vi har no skaper heilt andre forhold enn vi har hatt i manns minne, så ein må vere forsiktig, fortel Hole.
– Det er trist at desse flotte breane som pyntar opp fjellsidene våre er i ferd med å forsvinne, held han fram.
Les fleire nyhender på våre nettsider: www.nrk.no/mr
Varm sommar
Men det er ikkje berre Regndalsbreen i Møre og Romsdal som har minka dei siste åra.
Atle Nesje, professor i geologi ved Bjerknessenteret for klimaforsking, seier det har vore ei tydeleg utvikling over heile landet.
– Spesielt har årets sommar vore svært varm og i stor grad bidratt til bresmeltinga. Breane har gått tilbake fleire titals meter frå i fjor.
Nesje fortel at bresmeltinga i stor grad skuldast lite nedbør om vinteren og ein varm sommar.
– Den nedbøren som kjem om vinteren har ikkje vore nok til å kompensere for den auka temperaturen om sommaren, noko som gjer at breane taper masse og blir mindre over tid, seier han.
Professoren seier at ein kan sjå tydelege spor frå den massive bresmeltinga dei siste ti til femten åra. Nokre isbrear er på veg til å smelte heilt vekk.
– Dersom ein ser på vegetasjonen i dei områda der breane har trekt seg tilbake er det lett å sjå kor mykje dei har smelta, seier Nesje.
– I tillegg har vassmengda i vassdraga tilknytt breane vore unormalt høg på grunn av smeltinga, held han fram.
Fareteikn
Nesje trekkjer fram ulukka ved Nigardsbreen i sommar der eit tysk ektepar omkom, som eit av varsla for kor farleg det kan bli.
– Det er spesielt farleg der brefronten er bratt og har sprekt opp, då må ein halde seg langt unna, seier han.
I desse områda kan store isblokker lett rase ut. Han trur mange undervurderer kor tunge desse isblokkene faktisk kan vere.
– Det er nok å nemne at ein kubikkmeter med is veg om lag 900 kg, så det er omtrent som å få ein liten bil på seg, fortel Nesje.
I tillegg kan det vere farleg å opphalde seg i nærleiken av isbrear der fronten står i vatn. Kalving av store isstykke kan bli skylt ut i vatnet og nedover elva.
– Det kan vere ekstremt farleg for dei som er i nærleiken. Ein har lite ein skulle sagt i det kalde brevatnet, seier Nesje.
- Les også:
Ver varsam
Dei to vil likevel ikkje at folk skal halde seg unna breane fullt og heilt.
– Det handlar om å vere varsam og vite kvar det er trygt å gå. No er breane såpass smelta at ein kan sjå kvar sprekkane er. Med rett utstyr kan du gå trygt på fleire brear, seier Hole.
Nesje er samd.
– Det kan vere flott å både sjå og gå på ein bre. Eg vil absolutt anbefale alle å ta seg ein bretur med ein breførar. Det kan vere ei heilt fantastisk oppleving, stadfestar Nesje.