Rettssak var siste utveg for dei som er imot vindkraftanlegget på Haramsfjellet på Sunnmøre. Dei hevdar at konsesjonen frå 2009 ikkje er gyldig fordi det har skjedd fleire feil undervegs i behandlinga. Motstandarane kravde midlertidig stans i anleggsarbeidet fram til spørsmålet om konsesjon er behandla i ny rettssak.
Retten gir ikkje motstandarane medhald.
Nei til vindkraftverk på Haramsøy vil anke avgjerda.
I konflikt med naturen
Det er organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøy som gjekk til sak. I dag er det ein tøff dag for leiar Birgit Oline Kjerstad. Ho gret då ho fekk vite at dei tapte rettssaka.
– Eg er sjølvsagt skuffa og eg er ikkje samd i dommen, seier Kjerstad.
I retten peika dei på konflikten mellom dei 150 meter høge vindturbinane og natur og dyreliv på øya.
Dei meinte også at ulempene med vindkraftverket er større enn fordelane. Grunnen er at kraftproduksjonen blei halvert på grunn av for sterk vind i delar av området.
Retten har avgjort at organisasjonen må betale 950.000 kroner i sakskostnader. Styret skal no møtast for å sette seg inn i kjenninga. Kjerstad seier at advokatane no truleg skal førebu anke.
– Eg føler at verdiane i lokalsamfunnet her er sett i spel, seier Kjerstad.
Har tapt millionar
Motparten, Haram kraft, sa i retten at vedtaka om utbygging er prøvd både av NVE, Olje- og energidepartementet og i regjeringa i juni 2020.
Utbyggaren har tapt millionar på alle aksjonane som har prøvd å hindre utbygginga.
Olav Rommetveit i utbyggarselskapet Zephyr er glad for at dei vann saka.
– For Haram kraft har det heile tida vore viktig å fylgje alle lover og bestemmingar, og sørge for mest mogleg skånsam utbygging. Vi er glade for at retten har gitt oss medhald, seier Rommetveit.
Retten meiner at det er enkelte forhold som kunne ha blitt behandla på ein betre måte under den langvarige konsesjonsbehandlinga. Retten meiner derimot at saksbehandlinga samla sett har vore tilfredsstillande og at det ikkje har skjedd feil som har hatt betydning for konsesjonen.
Håper på ro
Anleggsarbeidet på Haramsøya har gått sin gang medan Sunnmøre tingrett har tatt stilling til saka.
Rommetveit håper at det no blir ro rundt saka.
– Vi håper at utbygginga av vindkraftverket kan gå roleg for seg framover og at det kan skape ro i lokalsamfunnet rundt dette prosjektet seier Rommetveit.