Stoppar anbod

Fylkesadministrasjonen stoppar dei første anboda som skulle gå ut denne veka på rassikringa av fylkesveg 63 mellom Korsmyra i Stranda og Indreeide i Norddal. Dette er turistvegen over mot Ørnesvingane og Geiranger. Rassikringa blir fullfinansiert av Staten, men fylkeskommunen må forskottere. Derfor må saka først til fylkestinget i oktober så politikarane får den fulle økonomiske oversikta, seier assisterande Fylkesrådmann Gunn-Randi Seime.