Hopp til innhold

Stoppa buss med fjellvegg

Fleire av rutebussane i Nettbuss Møre køyrde med sommerdekk trass svært glatte vegar i dag.

Video Busskrasj Kristiansund

På ei av rutene måtte sjåføren bruke bergveggen for å stoppe bussen som glei fritt.

- Det er ikkje noko moro

Avdelingsleiar Jan Reitan i Nettbuss Møre Kristiansund seier han måtte la nokon køyre med sommardekk i dag.

- Ja, vi har nokon som måtte køyre med sommardekk hos oss.

Bussjåfør Peder Sæter var ein av dei. Ingen folk vart skadd, men hyggjeleg var det ikkje.

- Eg køyrde opp frå ein haldeplass i Verkstedveien. Då bussen byrja å spinne og gli bakover prøvde eg å få han i fjellveggen, og då stoppa han der. Så prøvde eg å ta laust igjen. Eg kom meg av garde, men etter nokre meter byrja bussen å spinne igjen og gli bakover mot ein lyktestolpe. Eg stoppa ein halv meter før stolpen. Det er ikkje noko moro. Det er det ikkje.

Statens vegvesen er svært kritisk og meiner selskapet bør straffast. Seksjonsleiar Ivar Hol meiner det rett og slett var kriminelt å køyre med sommardekk i dag tidleg.

- Den som køyrer med sommardekk burde ha fått påtale.

Snø i lufta er det også ved Nettbuss Møre si avdeling i Ålesund:

Video Buss Ålesund

- Ein veit aldri kva som skjer

Jan Reitan i Nettbuss Møre vedgår at det ikkje var ansvarleg å sende ut bussar med sommardekk i dag.

- Det er aldri ansvarleg å køyre med sommardekk på ein buss når føreforholda er slik som dei er. Ein veit aldri kva som skjer.

- Kvifor gjer de det då?

- Jau, det kan du seie. Vi prøver å gjere det best mogleg utifrå dei forholda som er.

Sjølv om dette skjer i oktober kvart år, klarte altså ikkje Nettbuss Møre å vere føre var.

- Ja, men ein veit aldri når i oktober det skjer, og når ein har så mange bussar som vi har, 60-70 bussar, så greier vi ikkje å få til alt med ein gong.

Bussen til Sæter fekk på vinterdekk til slutt, men Sæter er klar over at kombinasjonen sommardekk og glatt før kan ha eit anna utfall ein annan gong:

Video Busskrasj Kristiansund 2

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL