NRK Meny

Stoppa bilførar på flukt

Politiet har no stansa bilføraren som lét vere å stoppe for ein kontroll i Langevåg på Sula like før klokka 19.00 torsdag kveld. – Føraren, ein mann i 20-åra frå Sunnmøre, blei stoppa av ei politisperring på fylkesveg 656 på Valle i Skodje kommune i 19.20-tida, opplyser politiet. Det blei ingen materielle eller personskadar i aksjonen.