NRK Meny
Normal

Stoltenberg: - Vi deler alle sorga

- Det er ein stor tragedie som har ramma dei som har mista livet, dei etterlatte og dei som no lever i uvisse om sine, seier statsminister Jens Stoltenberg om Bourbon Dolphin-ulykka.

   

 

Jens Stoltenberg
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Heile Noreg har samkjensle med dei som er ramma. Vi er ikkje fleire enn at når noko slikt skjer, berører det heile landet. Både regjeringa og det norske folket deler den sorga og den uvissa mange no opplever, seier Jens Stoltenberg til NRK Møre og Romsdal.

- Vil regjeringa sende nokon til Herøy i samband med Bourbon Dolphin-forliset?

- Alt dette blir vurdert i dag, men det viktigaste akkurat no er å uttrykkje omtanke og varme for dei som ulykka har ramma, seier statsministeren.