Hopp til innhold

– Kven er flau over å vere fiskar, då?

Unge som drøymer om å verte fiskarar synest nærings- og fiskeriminister Per Sandberg (FrP) sitt utspel om at «det ikkje lenger er flautt å vere fiskar» er berre dumt.

Unge som vil bli fiskarar

Skuleelevane Vebjørn Strand, Are Rabben og Kristian Remøy i Herøy har alle lyst til å verte fiskarar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Utspelet til nærings- og fiskeriminister Per Sandberg (FrP) stod skrive i ei pressemelding som vart sendt ut i helga, der utgangspunktet var at talet på fiskarar auka i fjor.

– Det er ikkje lenger flautt å vere fiskar. Gode tider gjer no at ungdom søkjer seg til yrket.

Det får skuleelevane Vebjørn Strand, Are Rabben, og Kristian Remøy Bakke i Herøy til å riste på hovudet. Dei meiner det aldri har vore eit tema at nokon har vore flau over å vere fiskar.

– Kven er det som er flau over å vere fiskar, då? Dersom ein er det, treng ein ikkje å verte fiskar, poengterer Vebjørn Strand.

Drøymer om fiskaryrket

Dei tre er elevar ved Herøy vidaregåande skule og drøymer om å verte fiskarar. Måndag har dei vore på besøk om bord i ein av dei mest moderne fiskebåtane i Møre og Romsdal, «Smaragd», som ligg til kai ved Leinøya i Herøy.

Fiskebåten Smaragd

Herøy-båten «Smaragd» er ein av dei mest moderne fiskebåtane i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg synast det høyrest ganske bra ut å vere fiskar, seier Are Rabben etter besøket.

Han er fast bestemt på at det er fiskar han skal verte. Frå 2015 til 2016 har talet på fiskarar auka frå 11 130 til 11 244 og 40 prosent av dei nye fiskarane er under 30 år.

– Det er bra å få talet på fiskarar opp, seier Vebjørn Strand.

– Eg er absolutt stolt over å vere fiskar

Men den gode nyhenda om at fleire vil verte fiskarar drukna i utspelet til Sandberg, i alle fall dersom ein ser på reaksjonane på Facebook.

Petter Geir Smådal

Skipper om bord i «Smaragd», Petter Geir Smådal, seier folk i Herøy har lagt merke til utspelet til Sandberg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skippar om bord i «Smaragd», Petter Geir Smådal, må le litt av det heile.

– Det var ei blemme frå Sandberg som ikkje kunne gå upåakta hen, i alle fall ikkje her i Herøy.

Er du stolt over å vere fiskar?

– Ja, absolutt. Det har eg alltid vore.

Meinte at fiskaryrket har fått auka status

Nærings- og fiskeriminister Per Sandberg har merka seg kritikken, og i ein e-post til NRK skriv han:

Per Sandberg

Nærings- og fiskeriminister Per Sandberg seier at poenget hans har vorte misforstått.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Poenget mitt er kort og godt at jeg mener fiskeryrket har fått økt status de senere årene. Det tror jeg mange fiskere og andre er enig med meg i.

For Petter Geir Smådal er det viktig at statusen til fiskarane ikkje vert dregen ned.

– Det er klart at skal du få dyktige folk inn i yrket i framtida, så må ein ha eit godt omdøme. Det skal ikkje vere slik at det er flautt å seie at du er fiskar og det trur eg ikkje det har vore før heller.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL