Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden i Rauma kopierte innsatsen frå terrengløps-EM og slo til med bronse på 10 000 meteren i Amsterdam i helga. No er OL i Rio neste store utfordring for 26-åringen.
Også Karsten Warholm frå Dimna IL i Ulsteinvik er klar for OL etter at han vann semifinaleheatet sitt på 400 meter hekk i EM. Han sette norsk rekord i semifinalen, og i finalen vart han nummer seks i sitt aller første senior-EM.
Olav Hansen, leiar av Møre og Romsdal friidrettskrins, er imponert over dei to lokale utøvarane.
– Det er klart det er stort. Det er veldig stort å følgjer utøvarane frå Møre og Romsdal. Det at Karoline greidde å ta bronse og at Karsten sette ein slik fenomenal rekord som han gjorde er spesielt, seier han.
- Les også:
Viktig med lokal satsing
Hansen meiner at suksessen til både Karoline Bjerkeli Grøvdal og Karsten Warholm er eit resultat av ei satsing på friidrett i Møre og Romsdal.
Karoline Bjerkeli Grøvdal fekk bronse under EM i Amsterdam.
Foto: Maja Suslin/TT, Suslin, Maja / NTB scanpixKarsten Warholm sette ny norsk rekord og vant semifinalen i 400 meter hekk under EM i friidrett i Amsterdam torsdag.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix– Det er ingen tvil om det. Karsten er utvikla her heime og Karoline er eit resultat av miljøet i Isfjorden og det dei har fått til der. Vi kan vere stolt av friidrettsmiljøet i Møre og Romsdal med slike utøvarar, seier han.
Hansen trur at prestasjonane til dei to lokale talenta kan vere med på å auke friidrettsinteressa blant unge i fylket, men meiner også at det er andre ting som er minst like viktig.
– Det viktigaste er friidrettsfamilien. Det er dei som driv, administrerer, trenar og leiar friidretten rundt om kring i fylket. Vi har mange små klubbar her i fylket og desse legg stein for stein og utviklar miljøet vidare, seier han.
Og interessa er stadig aukande.
– I Molde har miljøet byrja å vakna til liv og i Ålesund er det eit stort miljø, seier Hansen.
- Les også:
- Les også: