Stolen båt funne i Volda

Ein rib-båt som vart stole frå Fiskerstranda i går vart måndag funne forlaten i Volda.

Stjålet ribbåt

Ein rib-båt som vart stole frå Sula i går dukka måndag opp i Volda.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Det var i 14-tida søndag at Sunnmøre politidistrikt gjekk ut og bad om tips etter at ein rib-båt hadde blitt stole frå Fiskarstrand i Sula kommune.

Tjuveriet hadde skjedd natt til søndag og Rib-båten vart sist observert i femtida då den var på veg vestover Heissafjorden med tre personar om bord.

I ellevetida måndag vart båten funne ved Andaneset i Volda.

– Så langt ser det ikkje ut som det er blitt gjort skade på båten, seier Borge Amdam, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Jobbar målretta

Amdam fortel at dei har spor å gå etter, og at saka vil bli etterforska vidare.

– Vi har vore på staden og sikra spor, seier han.

Den siste tida har det vore ei rekke båttjuveri og innbrot i båtar fleire stadar i fylket.

I går oppmoda politiet båteigarar om å sikre båtane sine så godt som råd.

– Vi har fokus på å ta dei ansvarlege bak desse båttjuveria, seier operasjonsleiaren.