Hopp til innhold

Stokksund skule la lista lågt

Laget frå Stokksund skule hadde forsiktige ambisjonar, men klarte seg godt.

Stokksund skule i Klassequizen 2014

Jørgen Kløvjan Ringstad, Hanna Gaustad Djupvik og Leonard Neumann Rabben la lista lågt, men klarte seg godt.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Stokksund skule fekk 7 av 12 poeng.

Tiandeklassingane frå Stokksund skule i Herøy, Leonard Rabben, Hanna Djupvik og Jørgen Ringstad, ville ikkje flagge høge ambisjonar om å nå langt i Klassequizen. Ein tidleg måndagsmorgon er kanskje ikkje beste utgangspunktet for sterke prestasjonar, så Leonard Rabben la like godt lista lågt på førehand.

– For å ikkje skuffe dei som har for høge forventningar går eg for to poeng. Då blir eg stolt av meg sjølv viss vi får meir.

Slik gjekk det:

TRE
1) Hva heter fløyta som er oppkalt etter en tresort? (Seljefløyte)
2) Hva heter de tre evangeliene i Det nye testamentet i tillegg til Johannes? (Markus, Matteus, Lukas)
3) Hva blir de tre neste primtallene etter 3? (5, 7, 11)
4) Hva heter hesten i «Tre nøtter til Askepott»? Juràsek – Kamil – Vitek (Juràsek)

Laget svara blokkfløyte i staden for seljefløyte, og kom berre på Lukas på spørsmålet om evangelia i Det nye testamentet. Men då resten var rett, steig stemninga i laget fleire hakk. Tiandeklassingane var rett og slett veldig fornøgde med å alt ha nådd målet om to poeng.

2 av 4 poeng.

ØY
1) Ranger disse øyene fra størst til minst: Cuba – Grønland – Madagaskar (Grønland – Madagaskar – Cuba)
2) Hva er kallenavnet til langrennsløper Øystein Pettersen? (Pølsa)
3) Hvilke av disse ordene kalles diftonger i språket? Ei – Er – Øy (Ei / Øy)
4) Hva er det neste ordet i ordtaket «Øye for øye…»? (Tann)

Denne kategorien gjekk endå betre. Svara sat støtt som fjell, bortsett frå ordtaket. Stemninga steig no endå meir i laget.

– Eg er fornøgd, no går vi for seks poeng, flira Leonard Rabben før siste kategori.

3 av 4 poeng.

Hanna Gaustad Djupvik på ryggen til Leonard Neumann Rabben og lagkamerat Jørgen Kløvjan Ringstad

Saman med klassen: Hanna Gaustad Djupvik sit på ryggen til Leonard Neumann Rabben og lagkamerat Jørgen Kløvjan Ringstad fekk sitje på ryggen til ein av klassekameratane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

STRAFF
1) Hvilken rett ankes en dom fra tingretten til? (Lagmannsretten)
2) I hvilket land ligger fangeleiren Guantanamo? Mexico – Irak – Cuba (Cuba)
3) Hva heter den norske TV-serien som er spilt inn på Fort Boyard i Frankrike? (Fangene på fortet)
4) Hva het konsentrasjonsleiren for kvinner i nærheten av Berlin under 2. verdenskrig? (Ravensbrück)

Lagmannsretten og Ravensbruck klarte laget ikkje, men Guantanamo og Fangene på fortet var kjent stoff. 1 2 av 4 poeng og 7 av 12 til saman.

– No blir storfest med kaker, meinte Leonard Rabben.
– Vi var i alle fall eitt poeng over halvvegs, så eg er storfornøgd, sa Hanna Djupvik.

Men held det i forhold til neste lag ut som er Gursken i ettermiddag?

– Dei får ikkje meir enn sju dei, meinte Jørgen Ringstad.

Terminliste Klassequizen

DAG/DATO

SKOLE

KOMMUNE

SENDING

POENG

Mandag 06.01

Møre ungdomsskole

Ålesund

Morgen

10

Mandag 06.01

Hareid ungdomsskule

Hareid

Ettermiddag

8

Onsdag 08.01.

Myklebust ungdomsskule

Vanylven

Morgen

8

Onsdag 08.01.

Åheim ungdomsskule

Vanylven

Ettermiddag

9

Mandag 13.01.

Bekkevoll ungdomsskole

Molde

Morgen

10

Mandag 13.01.

Gossen barne- og ungdomsskole

Aukra

Ettermiddag

10

Onsdag 15.01.

Nordlandet skole

Kristiansund

Morgen

 8

Onsdag 15.01.

Smøla ungdomsskole

Smøla

Ettermiddag

 10

Mandag 20.01

Stordal skule

Stordal

Morgen

 9

Mandag 20.01

Eidsdal skule

Norddal

Ettermiddag

 9

Onsdag 22.01

Batnfjord skule

Gjemnes

Morgen

 10

Onsdag 22.01

Åfarnes skule

Rauma

Ettermiddag

 11

Mandag 27.01

Vatne ungdomsskole

Haram

Morgen

 8

Mandag 27.01

Haramsøy skole

Haram

Ettermiddag

 9

Onsdag 29.01

Tingvoll ungdomsskole

Tingvoll

Morgen

 7

Onsdag 29.01

Halsa barne- og ungdomsskole

Halsa

Ettermiddag

 11

Mandag 03.02

Skodje ungdomsskule

Skodje

Morgen

 9

Mandag 03.02

Sykkylven ungdomsskule

Sykkylven

Ettermiddag

 10

Onsdag 05.02

Bergmo ungdomsskole

Molde

Morgen

 9

Onsdag 05.02

Vågsetra barne-og ungdomsskole

Molde

Ettermiddag

 9

Mandag 10.02.

Stokksund skule

Herøy

Morgen

 7

Mandag 10.02

Gursken oppvekstsenter

Sande

Ettermiddag

 9

Onsdag 12.02

Eidsvåg barne- og ungdomsskole

Nesset

Morgen

 7

Onsdag 12.02

Eresfjord barne- og ungdomsskole

Nesset

Ettermiddag

 5

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL