Hopp til innhold

Stokke trekkjer tilbake teppe til barnevogn

Eit strikketeppe som kan festast framføre opninga til barnevogner får kritikk frå ekspertar og foreldre.

Stokke

Strikketeppet «Stokke Knitted Blanket» kan brukast på fleire måtar, men å dekkje heile vognopninga som dette er ikkje tilrådd. Derfor trekkjer Stokke produktet frå marknaden.

Foto: Stokke

Knitted Blanket

Inntil nyleg kunne småbarnsforeldre kjøpe barnevogn frå Stokke med denne emballasjen. Korleis barneteppet blir brukt på illustrasjonen, har provosert mange.

Foto: Skjermdump

Frå og med tysdag har barnevognprodusenten Stokke trekt tilbake produktet «Stokke Knitted Blanket» frå butikkhyllene. Det skriv Klikk.no.

Kan føre til krybbedød

Det spesialdesigna teppet har vore selt som tilbehøyr til barnevogna «Stokke Xplory». Teppet har knappar slik at det kan festast i kalesjen på vogna og dermed dekke heile vognopninga. Tanken er at dette vil beskytte barnet mot sol, vind og regn.

Men gode føremål er ikkje alltid like gode i realiteten. Ekspertar meiner nemleg at babyar treng luft når dei søv og at dessutan kan bli svært varmt i vogna.

Kristin Stormanger

Kategorisjef Kristin Stormanger i seier Stokke AS ønskjer å bli tydelegare på korleis utstyret deira skal brukast, og trekkjer dermed babyteppet frå butikkane.

Foto: Morten Krogh

Til Tønsbergs Blad seier blant anna Ulf Wike Ljungblad, overlege ved barnesenteret på sjukehuset i Vestfold, at tildekking kan føre til krybbedød.

Facebook-aksjon

Berre éin dag etter at ei Facebook-gruppe vart oppretta i håp om at produktet ville bli fjerna, fekk dei gehør hjå produsenten.

Ifølgje kategorisjef Kristin Stormanger i Stokke var barnestolprodusenten klar over problematikken allereie for to år sidan. Ny emballasje, utan oppmoding til tildekking med teppet, vart distribuert.

– Det er beklageleg at det framleis er gamle produkt i butikkane, med bilde av teppet brukt framføre opninga på vogna. Desse sørger vi no for å fjerne før vi eventuelt legg teppet ut for sal igjen, seier ho til Klikk.no.

Stroller Blanket

Denne meldinga står no på heimesidene til Stokke.com:

Foto: Skjermdump frå Stokke.com