Hopp til innhold

Stokke tilbakekallar utstyr

Barneutstyrsprodusenten Stokke AS tilbakekallar tilbehør til babystolen Stokke Steps på grunn av feil i låsesystemet. Det er tilbehørsdelane Stokke Step Bouncer og Stokke Steps Newborn produsert mellom februar 2014 og 21. desember 2018 som er tilbakekalla. Årsaka skal vere fare for at ein del kan losne frå stoltilbehøret, og føre til at barnet kan falle i golvet, skriv Bergens Tidende.

STOKKE TILBAKEKALLER
Foto: Stokke / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL