Det blei ein planlagt kviledag for alpintjentene laurdag.
Både Ragnhild Mowinckel og Lotte Smiseth Sejersted har køyrt gjennom utfortraseen ved tre høve i VM.
I to treningsomgangar onsdag og torsdag, samt i superkombinasjonen fredag. Dermed blir laurdagen brukt til kvile.
Både Mowinckel og Sejersted har fått taket på traseen og køyringa i utforløypa.
Sejersted tok ein god 11. plass i utfordelen av kombinasjonen, medan Mowinckel har køyrt betre og betre trass ein fingerskade.
- Les også:
Det var derfor planlagt at dei ikkje skulle køyre treninga laurdag – den siste sjansen dei hadde til å køyre gjennom løypa før utforrennet i VM søndag.
Amerikanske Stacy Cook var raskast i gjennomkøyringa med 1.50,87. Franske Marion Rolland fulgte like bak, medan Stfanie Moser tok tredjeplassen.
Fleire av dei aller beste, med Tina Maze, Anna Fenninger og Elisabeth Gorgl stod òg over treninga laurdag.
(NTB)