Røystesankaren gir seg etter 12 år som KrF-ordførar i Giske

Giske-ordførar, Knut Støbakk (KrF), takkar for seg etter 12 år.

Knut Støbakk

Knut Støbakk (KrF) har sanka mange røyster for partiet sitt og har gjort KrF til å bli størst i Giske.

Foto: Trond Vestre / NRK

Knut Støbakk har vore ein røystesankar for KrF og løfta partiet til å bli det klart største i Giske.

I 2007 var Giske den kommunen i landet der KrF hadde størst oppslutning, men om to år seier Støbakk takk for seg for å gje plass til ungdommen.

– Nei, altså, no synast eg det er nok. No må vi få fram nye, yngre krefter i partiet og gje dei ein sjanse. Eg vil ikkje stå i vegen for ungdommen.

Tre periodar som ordførar

Støbakk legg heller ikkje skjul på at tre periodar som ordførar fører med seg slitasje.

– Ja, eg er ikkje så veldig ung lenger, så eg byrjar å merke at dette tek på, ja. Det har sjølvsagt vore slitasje etter tre periodar som ordførar.

Når han ser tilbake på tida som ordførar i Giske, har det å treffe mykje folk vore det kjekkaste av alt.

Det beste er å ha vore i kontakt med veldig mange hyggjelege folk, seier ordførarveteranen.

Les også:

– Det verste har vore å kutte tilboda til dei du veit treng det

Men, jobben som ordførar har også ført med seg negative opplevingar.

– Det verste er vel eigentleg når du må kutte tilbod til dei du faktisk veit treng det.

Det har ikkje vore berre enkelt å vere ordførar i Giske kommune, og mange saker har det vore ein del bråk rundt.

– Ja, det skal berre mangle at eg har opplevd litt bråk etter 12 år som ordførar. Om det ikkje hadde vore bråk, hadde du ikkje gjort jobben din. Det er i alle fall heilt sikkert.

Les også:

– Vil ikkje gå att som ein sjuande far

No håper Støbakk, som langt på veg har sikra den sterke KrF-oppslutninga i øykommunen, at det ikkje blir tøft for KrF å halde fram etter ein som har trekt såpass mange røyster som han faktisk har gjort.

Eg håper KrF klarer å vere sterke i Giske framover, for vi har veldig mange dyktige unge politikarar som kan overta.

Kva skal du gjere etterpå?

Eg har tenkt å halde fram med å arbeide, men eg skal ikkje gå att som ein sjuande far i huset i KrF i Giske.