Hopp til innhold

Stine Mari har sjølvbetent butikk i hagen

Då huset blei overfylt av kle og ting, gjorde Stine Mari leikehytta om til butikk og satsar på ærlege kundar.

Stine Mari Fosse gjorde om leikarhytta til bruktbutikk.

Stine Mari Fosse har gjort om leikehytta til pop up butikk med brukte kle og ting.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

I eit fredeleg nabolag på Valderøya utanfor Ålesund ligg huset til Stine Mari Fosse på 35 år og familien. Då ungane slutta å bruke leikehytta gjorde ho den om til ein pop up butikk.

– Det er fint brukte ting som vi ikkje brukar. Gjenbruk er i vinden, så eg gir det ein sjanse.

Bua er open frå 8 til 21 og folk forsyner seg sjølv.

–Mannen min var ikkje så veldig begeistra for at det kanskje skulle komme masse folk i hagen, men det har gått kjempefint. Folk plukkar det dei vil ha og vippsar prisen som står på.

Stine Mari kallar butikken Lille bua.

Stine Mari kallar butikken sin Lille bua.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Ein pop-up butikk er ein butikk som berre eksisterer ei kort periode. Det kan vere både privatpersonar og bedrifter som opnar slike butikkar. Dei siste åra har dei poppa opp over heile landet, men stort sett berre i byar.

Ein god måte å få vise seg fram på

Espen Thøgersen kallar seg nabolagsutviklar og er administrerande direktør i Urban Jungle.

Han er ein del av pop up historia her i landet, og har drive med rådgjeving og formidling av pop up butikkar i Oslo heilt sidan 2013.

Han blei inspirert av det han såg i USA og England, og starta bedrifta som mellom anna formidlar pop up lokale.

–Historisk har interessa vore overveldande her i landet. Dei norske aktørane ser på pop up butikkar som ein stor sjanse til å vise seg fram.

Espen Thøgersen er administrerande direktør i Urban Jungle.

Espen Thøgersen i Urban Jungle likar butikken til Stine Mari på Valderøya.

Urban Jungle har stort sett store og profesjonelle aktørar på kundelista. Han hyllar initiativet til Stine Mari på Valderøya.

– Det er kjempespennande. I Sverige er det mykje bruk av pop up butikkar på for eksempel sommarøyane. Det har ikkje vore så vanleg her i landet, men det er ein fin måte å skape aktivitet på.

Han fortel at gjenbruksbutikkar med vintage-kle og brukte kle var blant dei første som etablerte seg som pop up her i landet, og då spesielt i Oslo og på Grünerløkka.

–Det har vore i vinden ganske lenge, og gjer plassar som Grünerløkka litt meir eksotisk enn andre handelsstader.

Vil utvide

Den ferske butikkeigaren Stine Mari er ikkje framand for å utvikle konseptet sitt viss dette viser seg å bli vellykka.

–Går eg tom for ting eg vil bli kvitt, kan eg kanskje leige ut plass til folk som vil selje sine ting.

Stine Mari heng opp brukte kle i butikken.

Stine Mari heng opp brukte kle i butikken.

Lille bua i hagen til Stine Mari og familien på Valderøya.
Stine Mari Fosse har butikk i hagen.

Stine Mari har kort veg til butikken sin.

Stine Mari fyller opp butikken sin.

Stine Mari treng ikkje gå langt for å fylle opp bua.

Den nye butikkeigaren har berre fått positive tilbakemeldingar etter opninga. Naboane synst det både er spenstig og kreativt. Stine Mari har berre reklamert gjennom sosiale medium og responsen har vore god trass i at butikken ligg godt utanfor allfarveg.

Då ho starta butikken for nesten tre veker sidan var ho redd for at folk ikkje torde gå inn i hagen, men det har vist seg at ho ikkje trengde uroe seg.

–Vippsen tikkar inn mest når eg er på jobb. Eg trur kundane likar å kike i fred.

Stine Mari sel kle og ikkje brukar.

Stine Mari Fosse trur kundane er fornøgde med å få kike i fred.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK