NRK Meny
Normal

Stiller ut kunst på heimebane

Guttorm Osnes (54) stiller ut kunst på heimebane for aller første gong. Han avslutta nyleg ei treårig utdanning ved The Florence Academy of Art i Sverige.

Guttorm Osnes stiller ut kunst på heimebane for første gong.

Guttorm Osnes stiller ut kunst på heimebane for første gong. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Guttorm Osnes har alltid vore glad i å teikne og meiner at portrett er grunnlaget for all god kunst. No er han tilbake på heimebane for å vise fram arbeidet sitt.

Kunst av Guttorm Osnes

Osnes held på med eit portrett av ei jente han er onkel til. Ikkje heilt ferdig enno,

Foto: Arne Flatin / NRK

Fredag ettermiddag var han i full gang med å henge opp alle måleria han skal vise fram under ei salsutstillinga på Ulstein hotell. Det er mange portrett, mellom anna sjølvportrett. I tillegg er det også mange kjende ansikt som Jahn Teigen og Toralv Maurstad. Men Osnes er også glad i å måle landskap og dyr.

– Akkurat no arbeider eg med eit spennande portrett av ei jente eg er onkel til. Men det er nokre timar igjen før eg er heilt ferdig, seier han.

Livnære seg av kunst

Han var ein av dei som likte å teikne på barneskulen og sidan har dette fulgt han gjennom livet. Osnes har lært mykje om grafisk design mellom anna då han arbeidde med layout i Se og Hør.

Etter eit opphald på rundt 15 år starta han opp att med teikning og måling og hadde ei separatutstilling på Lillestrøm.

Kunst av Guttorm Osnes

Noko av kunsten til Guttorm Osnes. Her er sjølvportrett og portrett av kjende personar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Systera, Linn, hjelper til når Guttorm, eller Gutte som han vert kalla, skal henge opp måleria. Utstillinga er open både laurdag og søndag. Osnes håper at han kan livnære seg av kunsten i framtida. Han er klar over at det kan verte harde kvardagar, men han har den indre drivkrafta som må til.

No håper han at mange av sambygdingane tek turen innom kunstutstillinga i Ulstein.

– Det er litt tryggare å starte med ei kunstutstilling her heime i Ulsteinvik, seier Osnes.

Osnes ønskjer også å ta turen tilbake til Ulsteinvik for å måle den fine naturen som han hugsar frå oppveksten sin.

– Eg veit om nokre favorittplassar som eg vil bruke som utgangspunkt, seier han.