Meiner desse risikerte livet då dei berga havarert lasteskip

Fleire stiller spørsmål om norske styresmakter handla raskt nok for å berge det havarerte skipet. Skipsekspert er usamd og meiner folk risikerte liva sine i dei ekstreme verforholda.

I ein nervepirrande operasjon blir mannskap heist med frå helikopter i høg sjø utanfor Stad onsdag kveld. Filma av KV «Bergen»

I ein nervepirrande operasjon blir mannskap heist med frå helikopter i høg sjø utanfor Stad onsdag kveld. Filma av KV «Bergen»

Det kunne ha blitt ei stor miljøvernkatastrofe dersom lasteskipet Eemslift Hendrika hadde gått på grunn i uveret med fleire hundre tonn tungolje og diesel om bord.

Onsdag kveld tok Kystverket over aksjonen. Då var det nederlandske skipet berre timar unna grunnstøyting. No spør fleire om norske styresmakter burde ha gripe inn før.

– Burde ha vore raskare

Sigurd Enge

Sigurd Enge er fagansvarleg for skipsfart i Bellona.

Foto: KNUT ERIK SOLHAUG / NRK

Fagansvarleg i Bellona, Sigurd Enge, hevdar Kystverket har vore for defensive og venta på at det nederlandske reiarlaget skulle ta tak.

Han seier det er brukt millionar av kroner på ein statleg slepebåtberedskap og at desse slepebåtane burde ha blitt tilkalla før situasjonen var ute av kontroll og mannskapet forlét skipet.

– Eg veit det var dårleg ver, men dei er for seint ute til ei kvar tid. Spørsmålet er om det som no ser ut til å gå veldig bra er flaks eller grundig beredskapsarbeid, seier Enge.

Klimasøksmål mot staten

Frode Pleym er leiar for Greenpeace.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Også Greenpeace og Miljøvernforbundet stiller spørsmål om norske styresmakter kunne ha gripe inn tidlegare i berginga av det nederlandske lasteskipet, som var i drift sidan måndag.

– Det er viktig å få avklart i sjøforklaringa om det kunne ha blitt gjort noko tidlegare. Og om reiarlaget var for treige med å gripe inn, seier leiar Frode Pleym.

Avviser kritikken

Kystdirektør Einar Vik Arset stadfestar at det var ein pågåande diskusjon om kor fort dei kunne aksjonere, men avviser at dei nølte.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i dei påstandane. Vi brukte våre utrekningar og baserte avgjerda vår på det i samråd med dei andre beredskapsaktørane, seier han.

Kystdirektør, Einar Vik Arset

Kystdirektør Einar Vik Arset meiner det ville vore langt meir risikabelt å aksjonere før.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Men burde ikkje de aksjonert langt tidlegare, slik kritikarane hevdar?

– Det trur eg ville vore ein klart meir risikabel operasjon, og det måtte vi ta med i vurderinga, seier han.

Ifølgje nederlandske nettaviser er også bergingsfirmaet Boskalis kritiske til norske styresmakter si handtering av situasjonen. Dei deltok under berginga, og hevdar det gjekk for seint.

NRK har forsøkt gjentekne gongar å få leiinga i Boskalis i tale, men dei ønskjer ikkje å utdjupe kritikken.

– Risikerte livet

Erik Tveten

Erik Tveten har 35 års erfaring som teknisk sakkunnig for skipshavari. 

Foto: privat

Skipsekspert Erik Tveten har 35 års erfaring med skadar på skip, og hans selskap har fått oppdraget med å taksere skipet og lasten.

Han meiner at Kystverket absolutt ikkje var for seine til å overta ansvaret. Han meiner derimot at innsatsen frå dei som gjekk om bord var heltemodig.

– Visst ein såg krenginga på skipet og bølgene i havet då skipet blei entra, var det ein svært farleg operasjon. Det snødde, det var glatt på dekk og dei som gjekk om bord måtte klamre seg til rekkverket. Det var med livet som innsats, seier Tveten.

Bølgehøgda gjekk onsdag kveld ned til fem meter, mot opp mot 15 tidlegare på dagen.

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, prisar seg lukkeleg over at det skipet ikkje gjekk på grunn.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Letta då Kystverket tok ansvaret

Kommunane og hamnevesenet hadde budd seg på det verste og stod klare med oljevernutstyr. Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V) er glad for at Kystverket aksjonerte før det gjekk gale.

– Eg må seie det var ei stor lette då Kystverket i går skar gjennom og sa at no sett i verk vi statleg aksjon. No tar vi ansvaret. Då skjedde ting raskt og effektivt. Det er eg veldig glad for, seier Bjørlo.