Hopp til innhold

Stille før full storm på kysten

Det er sendt ut obs-varsel om at det er venta mykje regn og full storm på kysten av Møre og Romsdal.

Vind, regn og paraply i Stavanger

ILLUSTRASJONSBILETE: Det blir lite snø å sjå langs kysten i Møre og Romsdal denne veka. Men vind og regn blir det nok av.

Foto: Erik Waage/NRK

Meteorologisk institutt opplyser at det blir sørvest full storm på kysten av Møre og Romsdal måndag ettermiddag.

Martin Granerød

Meteorologen Martin Granerød seier at fylket må førebu seg på ei våt jul.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Meteorolog Martin Granerød fortel søndag føremiddag at folket på Nordvestlandet må førebu seg på ein vindfull start på juleveka.

– Det blir mykje vind på kysten av Møre og Romsdal i morgon. Det har danna seg eit lågtrykk ute i havet i vest, og i løpet av natta vil det nærme seg fylket og auke på til sørvest full storm på ettermiddagen, seier han.

Men vinden vil ikkje vare altfor lenge, for allereie til kvelden vil den minke.

– Det vil i utgangspunktet gjelde berre kysten, men store delar av fylket må regne med periodar med nedbør. Det blir ein skikkeleg uvêrsdag, seier meteorologen.

Våt jul

Også resten av veka blir fuktig. Lågtrykka står i kø inn til kysten, og dei fleste vil nok oppleve periodar med regn heile veka. Temperaturen vil gå litt ned, men regnet blir verande.

– Viss ein vil sikre seg kvit jul må ein litt opp i høgda, seier Granerød.

Det er altså mogleg å få snø i jula, også i Møre og Romsdal. Granerød fortel at nedbøren kan kome som sludd eller snø fleire stader allereie veslejulaftan.

– Men på kysten blir det nok ei grøn jul.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL