Ei undersøking som er utført av Norsk institutt for vannforsking, NIVA, viser også at nivået av kvikksølv er langt over tålegrensa.
Undersøkinga omfattar 37 vatn over skoggrensa i alle delar av Europa og forskingsleiar Bjørn Olav Rosseland, seier resultata er oppsiktsvekkande.
Forskarane har funne store skadar på levra til fisken frå dei tre vatna i Trollheimen. Forskarane åtvarar difor å servere fisk derifrå til born og gravide.
Rett sør for Trollheimen ligg Sunndalsøra og Hydro Aluminium. No vil forskarane udnersøke samanhengen mellom avfallstoff frå industri, olje og gassverksemd og miljøforureining.