NRK Meny
Normal

Sterke reaksjonar på seminar om samkjønna samliv

Open folkekyrkje reagerer sterkt på seminaret om samkjønna samliv, som skal haldast for kristne leiarar i Volda og Ørsta.

Therese Utgård

Therese Utgård i Åpen folkekyrkje Møre meiner seminaret som skal haldast på Ørsta bedehus onsdag bør hente inn andre føredragshaldarar.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Eit lukka seminar for kristne leiarar i Ørsta og Volda om homofilt samliv provoserer fleire, spesielt fordi prestelæraren som skal halde føredrag, Bjørn Helge Sandvei, er overbevist om at han ikkje kan leve ut si homofile legning.

Reaksjonane går også på at seminaret ikkje er kunngjort på nokon slags måte, for å unngå debatt.

– Dei ønskjer å framstille seminaret som eit forsøk på å skaffe seg meir kunnskap om temaet. Då synast vi det rart å ikkje invitere nokon med oppdatert fagkunnskap, seier Therese Utgård frå Åpen kyrkje Møre.

– Utdatert kunnskap

Open folkekyrkje jobbar for å få ei kyrkje som fremjar menneskeverdet og motarbeider diskriminering. Therese Utgård meiner at ved å berre presentere éi side av saka på seminaret, vil det ikkje bli gitt ei nyansert framstilling.

– Å bruke utdatert kunnskap vil ikkje hjelpe nokon, verken kyrkja eller dei dette råkar direkte, meiner Utgård, og siktar til føredragshaldar Sandvei.

Éin av dei som står bak seminaret som blir arrangert i privat regi, Trond Vartdal, sa til NRK laurdag at grunnen til at dei har invitert nettopp Bjørn Helge Sandvei til å halde føredrag er kompetansen hans.

– Vi har invitert han på grunn av totalkompetansen han sit med på området. Han har god teologisk bakgrunn og har undervist på Menighetsfakultet, seier Vartdal. Han vil ikkje legge seg opp i om folk vel å leve i homofilt samliv.

Anbjørn Steinholm Frislid

Anbjørn Steinholm Frislid skapte merksemd rundt seminaret då han la ut invitasjonen på Facebook-profilen sin. Han meiner seminaret i det minste burde innehalde ein form for debatt.

Foto: privat

– Kan hente kompetanse andre plassar

Vartdal understreka at dei er ei gruppe som ønskjer å lære meir om kva bibelen seier om homofilt samliv, men Therese Utgård i Åpen folkekyrkje meiner dei kan hente kompetanse mange andre plassar, for eksempel frå fagpersonar innan både medisin, psykologi og i kyrkja.

– Open folkekyrkje hjelper gjerne med å stille opp, eller skaffe slike fagpersonar til seminaret

Utgård peikar på at kyrkja treng meir kunnskap om korleis det er å vere homofil, og korleis skape miljø der alle kjenner seg inkluderte.

– Vi håper at kristne leiarar kan vere seg sitt ansvar bevisst, og fremje gode miljø der born og unge kan vekse opp, kjenne seg verdsette og få merke Guds kjærleik.

På spørsmål frå NRK om det har vore aktuelt å hente inn anna kompetanse til seminaret onsdag også, svarer arrangørane at det har dei ikkje planar om.