Dei nasjonale prøvene får Petter (10) til å føle seg dum

ÅLESUND (NRK): Petter Larsgård Berge (10) kjende ein klump i magen då han skulle ta fatt på dei nasjonale prøvene. Prøvene tek ikkje omsyn til elevar med lese- og skrivevanskar.

Petter Larsgård Berge

FØLTE SEG DUM: Han kjende han fekk ein klump i magen, og alle tankane forsvann då han skulle sette seg ned for å ta nasjonale prøver.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det første som skjedde var at alle tankane mine gjekk ut av hovudet mitt. Eg følte meg dum, fortel Petter Larsgård Berge om då han opna dei nasjonale prøvene på skulen.

Han er ti år gamal, og har dysleksi. Då dei nasjonale prøvene stod for tur mista han alt mot.

– Hadde eg visst at han kjende seg slik då han skulle ta prøva, så hadde eg ikkje sendt han på skulen, seier mor, Audhild Larsgård Berge.

– Ikkje moglegheit til å lukkast

Elevar over heile landet har dei siste vekene gjennomført nasjonale prøver. Dei nasjonale prøvene skal kartlegge elevar sine ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk og blir gjort elektronisk. For born med lese- og skrivevanskar kan prøvene vere ei hard påkjenning.

Under prøvene får Petter Larsgård Berge ikkje bruke dei hjelpemidla han brukar i skulekvardagen.

Audhild Larsgård Berge

FORTVILA: Mora til Petter syns det burde vore betre tilrettelagt for dyslektikarar under nasjonale prøver.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Han blir testa i ein situasjon han ikkje har moglegheit til lukkast i, og det synest eg er veldig urettferdig, seier mor Audhild Larsgård Berge.

Eitt av hjelpemidla sonen hadde hatt bruk for var at tekstane vart lesne høgt for han.

– Eg bruker lang tid på lese lange ord, då hjelper det om nokon les det høgt for meg, seier femteklassingen.

Les også: Vil gjere alle skulane dysleksivenlege

– Kan ikkje gjere noko

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner seier det er lite han kan gjere med Petter Larsgård Berge sin situasjon.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner

KUNNSKAPSMINISTER: Jan Tore Sanner seier fagfolk må vurdere situasjonen.

Foto: Lill Christin Ludvigsen / NRK

– Eg kan ikkje sitje som statsråd og plukke ut kva for hjelpemiddel den enkelte elev skal bruke. Det må vere ei fagleg vurdering, seier Jan Tore Sanner.

Når nye læreplanar no skal komme på plass, seier Sanner at dette er noko dei vil ta med i vurderinga.

– Då er det naturleg at vi ser på korleis den nye læreplanen blir lagt til rette for ulike grupper, blant anna dyslektikarar, seier han.

Les også: Han vant en kamp for dyslektikere – men får ikke hjelp selv

Eit grovt overtramp

Petter Larsgård Berge er ikkje åleine. Ifølgje interesseforeininga Dysleksi Norge er det mellom to og tre elevar i kvar klasse som har dysleksi. Då kan gjennomføringa av nasjonale prøver bli ei påkjenning.

Lærar Per Gunnar Hamnøy skreiv nyleg eit innlegg på Facebook der han kallar dei nasjonale prøvene eit grovt overtramp mot elevar med lese- og skrivevanskar.

Per Gunnar Hamnøy

UETISK: Nasjonale prøver er ikkje tilrettelagt for dei med lese- og skrivevanskar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Nasjonale prøver kolliderer med jobben vi lærarar legg ned kvar dag. Vi legg til rette for at elevar skal føle meistring, men på nasjonale prøver kan dei ikkje bruke dei hjelpemidla vi har lært dei, seier Hamnøy.

Han kallar det heile for uetisk, og meiner borna blir brukte som prøvekaninar for å få fram eit resultat.

Les også: ​​​​​​​Vi trenger ikke kunnskapsløftet, men et barneløft

Håper på endring

Petter Larsgård Berge håpar no at det blir ei endring i korleis nasjonale prøver blir utført.

– Eg håper det blir betre for dei andre som har dysleksi og snart skal ta nasjonale prøver, seier han.

Petter Larsgård Berge

DYSLEKSI: Petter har lese- og skrivevanskar.

Foto: Remi Sagen / NRK