Hopp til innhold

Rekordlåge prisar: Kjell Arne fekk betalt for å bruke straum

Sterk vind og pøsregn fører til låge straumprisar over heile Norden. Det har ikkje vore så låg straumpris nord for Dovre nokon gong som det var natt til fredag, ifølge kraftanalytikar.

Kjell Arne Steinsvik

Kjell Arne Steinsvik bur i seglbåt, og bruker å koble båten av straumnettett når straumprisane blir for høge. Det slepp han no.

Foto: Kristine Nygård

Medan straumkundane i Sør-Noreg hadde årets lågaste snittpris torsdag, fekk kundane lenger nord betalt for å bruke straum.

– No kjem jo nettleiga og sånt i tillegg, men det er godt å vite at vi ikkje blir ruinerte ved å ha på omnen, seier Kjell Arne Steinsvik.

Zakariasdammen

Zakariasdammen i Tafjord i Møre og Romsdal. I sommar var det overløp her i fleire veker på grunn av mykje vatn. Dette skjer ganske sjeldan.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

– Kuriositet

Han bur i ein seglbåt i Steinsvika i Volda saman med sambuaren sin. Slik har han budd i 13 år, fordi han likar livsstilen og fridomen. Dermed bruker han også mindre straum enn dei som bur i hus.

– Men vi må varme opp, og då er det enten ved bruk dieselvarmar eller vifteomn. No er det jo billegare med straum enn diesel, så då blir det vifteomn, forklarar han.

Steinsvik bruker aktivt appen til straumselskapet for å finne ut når straumen er for dyr.

– Eg går ikkje aktivt inn for å bruke meir straum når det er billig, men når det er veldig dyrt, så koplar eg oss av straumnettet, forklarar han.

Og då han sjekka appen torsdag kveld, oppdaga han at det kosta -1,25 øre mellom klokka 01 og 03.

– Det har eg ikkje sett før. Det er ein kuriositet.

Straumprisar

Slik såg det ut då Kjell Arne Steinsvik sjekka appen torsdag kveld.

Foto: Skjermdump

– Låg pris over heile Norden

Men natta i seglbåten var heftig. Kraftig vind og pøsregn gjorde det vanskeleg å sove. Og nettopp uveret er grunnen til at straumprisen er så låg, forklarar analytikar i Volue Tor Reier Lilleholt. Han seier det aldri har vore så låg straumpris i Midt-Noreg nokon gong, som det var natt til fredag.

Tor Reier Lilleholt

Kraftanalytikar i Value Tor Reier Lilleholt seier meir fornybar energi kan føre til fleire periodar med svært låg straumpris.

Foto: NRK

– Årsaka til dette er at ein har masse uregulert vatn frå elvane på grunn av flaumsituasjonen, og så har ein veldig mykje vind. Då har ein ikkje kontroll på kraftproduksjonen. Dermed dekker den meir enn forbruket, forklarer han.

Lilleholt seier at dette ikkje skjer ofte, men at vi med meir vindkraft og meir fornybar energi, kan oppleve dette oftare i framtida.

– Heile Norden og til dels også heile Europa hadde rimeleg straum i natt, og det vil nok vere låge prisar gjennom heile helga på grunn av mykje vind. Men i neste veke vil det truleg auke igjen, seier kraftanalytikaren.

Les også: Kunder får betalt hvis de bruker mer strøm – samtidig taper strømselskapet titalls millioner

Illustrasjonen viser noen som bruker mye strøm. Mange komponenter som bruker strøm står på samtidig.
Illustrasjonen viser noen som bruker mye strøm. Mange komponenter som bruker strøm står på samtidig.

Vil helst ha fint ver

Kjell Arne Steinsvik førebur seg til nok ei heftig natt i seglbåten sin. Og storm og regn som dundrar mot dekk gir altså låg straum minst eit par dagar til.

Men Steinsvik er ikkje i tvil om kva han vil velje, dersom det står mellom fint ver og billig straum.

– Vi har hatt nok dårleg ver. Eg betalar gjerne litt ekstra for straumen for å få litt sol, slår han fast.

Kjell Arne Steinsvik gjer seg klar til nok ei ruskenatt i seglbåten.

Kjell Arne Steinsvik gjer seg klar til nok ei ruskenatt i seglbåten.

Foto: Kristine Nygård