Sterk straum

Det var sterk straum i området då Bourbon Dolphin havarerte.  Langt større farty enn Bourbon Dolphin fekk problem med den sterke straumen.

- Vi merka tidleg i prosessen at det var sterk straum i området.  Det var i utgangspunktet ikkje noko stort problem. Men på eit tidspunkt hadde vi ei avdrift på 650 meter vekk frå posisjonen vår. Det sa kaptein på det store ankerhandteringsfartyet Olympic Hercules, Grim Bergtun under høyringa i granskingskommisjonen i dag.

Ba om hjelp

Kaptein Grim Bergtun fortalde at dei kjempa for å halde seg i posisjonen.  Maskinane gjekk for fullt. - Eg kontakta riggen og fortalte om problema.  Eg ba dei slakke ut wire, slik at eg kunne få nok fart på Olympic Hercules til å kome i posisjon igjen. Først fekk eg avslag.  Det virka som om dei på riggen ikkje trudde at det ville hjelpe å slakke ut wire. Men eg gjekk litt hardare på dei.  Og eg fekk vridd Olympic Hercules på plass igjen.

Ikkje kontakt med Bourbon Dolphin

Bergtun forklarte at han ikkje hadde direkte kontakt med Bourbon Dolphin. Han fekk dermed ikkje noko spørsmål frå Bourbon Dolphin om å hjelpe dei.  Derimot fekk Olympic Hercules beskjed om å ligge "stand-by" i tilfelle Bourbon Dolphin trengte assistanse, sa Bergtun.