Hopp til innhold

– Han var ein utadvendt og levande person som lett kom i kontakt med andre

Sorg pregar ungdomsmiljø, slekt og vener i både Ålesund og Herøy etter at Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad (17) blei funnen omkomen i Stryn.

Herøy Vidaregåande Skule

Flagget vaia på halv stong ved Herøy vidaregåande skule måndag etter at 17 år gamle Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad blei funnen omkomen i Stryn.

Foto: Hans-Llav Landsverk / NRK

Kyrkjene både i Herøy og i Volsdalen i Ålesund hadde ope hus måndag. Og på skulen der Grimstad var elev hadde mange elevar det tungt.

– Han var ein utadvendt og levande person som lett kom i kontakt med andre menneske, seier rektor ved Herøy vidaregåande skule Ester Sørdal Klungre.

Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad omkom i den tragiske drukningsulukka i Stryn.

17 år gamle Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad er her fotografert saman med syster si

Foto: Privat

– Vi må trøyste kvarandre

Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad blei meldt sakna av kameratane sine etter å ha vore på Motorfestivalen i Stryn. Han var sist sett i Stryn sentrum natt til søndag.

– I dag må vi berre trøyste kvarandre. Elevane er lei seg, dei tilsette er det same. Vi prøver å gjere dei rette tinga. Men det er ikkje alltid lett å vite kva det er. Men vi skal i kyrkja og ha ei minnemarkering, seier Sørdal Klungre.

Ester Sørdal Klungre - rektor Herøy Vidaregåande Skule

Ester Sørdal Klungre er rektor ved Herøy vidaregåande skule.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Herøy vidaregåande skule har 280 elevar. Det er altså ein liten skule der alle kjenner alle.

– Det er mange som hadde eit nært forhold til denne eleven. Dei kjende han godt. Så det er ein trist dag på skulen. Ikkje minst dei som gjekk i klasse med han har det tungt no, seier rektoren.

I Herøy kyrkje var det måndag høve til å tenne lys og på skulen var det lagt ut kondolanseprotokoll der elevane kunne skrive inn ei helsing.

Elevar skriv i kondolanseprotokoll etter bortgangen til Gunnar J. Rafteseth Grimstad sin bortgang.

Elevar ved Herøy vidaregåande skule skriv helsingar i kondolanseprotokollen som blei lagt ut ved skulen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Etterforskinga held fram

Den sakna blei funnen i sjøen utanfor riksveg 15 i Stryn, om lag fem meter frå land, ikkje langt unna festivalområdet. Dødsfallet er kategorisert som mistenkeleg, men det er ikkje mistanke om noko kriminelt. Politiet held fram etterforskinga i dag måndag.

Vidar Stavik i politiet

Vidar Stavik i Vest politidistrikt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi tek opp forklaringar frå dei som såg Grimstad sist. Vi prøver også å kartleggje om det er andre som har sett noko før han forsvann. Vi har ikkje noko indikasjonar på at det har skjedd noko straffbart. Vi tenkjer at dette kan vere ei ulukke, men held alle moglegheiter opne, seier Vidar Stavik i politiet.

Politiet har fått inn ei rekkje tips, og er spesielt interessert i fleire tips om nokon kan ha sett Grimstad i området mellom den vidaregåande skulen, busstasjonen og riksvegen i femtida søndag morgon.

Leiteaksjon i Stryn Sentrum

Det blei sett i verk ein omfattande leiteaksjon då Grimstad blei meldt sakna.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Trist og tragisk

I Stryn blei glede snudd til sorg då det viste seg at ein av festivaldeltakarane hadde mista livet. Stryn motorfestival kallar seg Noregs heftigaste motorfestival. Det var framvising av store og små køyretøy, det var parade med fargerike bilar og om kvelden var det utekonsert med Rotlaus og Hagle. Men søndag morgon var dette forvandla til sorg og fortviling.

– Dette er berre trist og tragisk. Dette er slikt som vi heile tida håpar ikkje skal skje. Og så skjer det likevel. Det er trist, seier ordførar i Stryn Per Kjøllesdal.

Stryn kommune sette søndag kveld i verk rutinane til det psykososiale kriseteamet. Også brannvesenet var med på leiteaksjonen saman med Stryn Røde Kors. Mange av venene til Grimstad var også med på leiteaksjonen.

– Ei hending som dette pregar lokalmiljøet sterkt. Dette er slikt som folk minst av alt vil oppleve.

Per Kjøllesdal ordførar i Stryn

Per Kjøllesdal er ordførar i Stryn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Må ta vare på kvarandre

Ved Herøy vidaregåande skule er det straks klart for skuleavslutning. Men meldinga om at éin av elevane ikkje er der lenger overskygger alt.

– Det blir ei tøff og spesiell avslutning på skuleåret. Vi må berre seie at vi må ta vare på kvarandre, og det er lov å vere lei seg. Det er berre eit par veke til skuleåret er over. Så må vi saman prøve å gjere det beste ut av skuleavslutninga, seier rektor Klungre.

– Meldinga om dødsfallet var ein heilt uverkeleg beskjed å få. Vi var heilt ubudde på å få vite at noko så tragisk hadde skjedd. Vi kjem tett inn på kvarandre på denne vesle skulen. Veldig mange kjende Gunnar og synest dette er svært tungt, seier rektoren.

Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad er frå Ålesund. Før han reiste til Herøy for å gå på vidaregåande skule gjekk han på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. Måndag ettermiddag held Volsdalen kyrkje ope mellom klokka 17.00 og 20.00. Ålesund kommune sitt kriseteam, prest og diakon frå kyrkja kjem til å vere til stades.

Kondolanseprotokoll Herøy vidaregåande skule.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK