Faren for snøskred er avgjerande for om vinterstengde fjellovergangar kan opnast for sesongen.
Difor tek vegvesenet stadig i bruk nye metodar for å finne ut om vegane er trygge.
Sjokktestar turistveg
Sjokkbølgjer av lyd vart i dag brukt for å sjekke snøskredfaren på den populære vegen mellom turistbygda Geiranger og Grotli.
Sjå levande bilde frå helikopterturen til slutt i saka.
Turistnæringa er som alltid utolmodige etter å få vegen opna, men brøytemannskapa får ikkje starte arbeidet før det er sikkert at det ikkje går ras.
– Gamlefolket meiner at det er trygt nok, og det vil vi no teste ved hjelp av moderne teknologi, seier driftsleiar Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.
Les også:
Ny teknologi
Den nye teknologien blir helsa velkomen, også av folk med lang fartstid i vegvesenet. Nils Bjørdal er konsulent med 45 års erfaring frå vegvesenet.
Før dagens test var han sikker på at vegen var trygg, og han viste seg å få rett.
– Det er viktig med ein kombinasjon av erfaring og ny teknologi. Då vert det veldig bra, trur eg, seier Bjørdal til NRK.
Og det kan gå mot rekordtidleg opning av vegen, for sjokkbølgjene klarte ikkje å løyse ut skred ved fjellovergangen i dag.
Sjå helikopterets fjellferd her: