Sterk kritikk

Evalueringsrapporten om bygginga av Nytt sjukehus på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund rettar sterk kritikk mot Sjukehusbygg og Helse Møre og Romsdal.

Sjukehusbygg får kritikk for manglande kompetanse og at denne svekka styringa av prosjektet.

Helse Møre og Romsdal får kritikk for utydeleg kommunikasjon kring kostnadsramma i prosjektet.

– Evalueringa viser at det er lite sannsynleg at SNR kan realiserast innan styringsramma. Rapporten gir oss likevel tru på at prosjektet kan vidareutviklast på ein god måte både for befolkninga og for tilsette i HMR, seier administrerande direktør Espen Remme i ei pressemelding.

Illustrasjon av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal
Foto: Helse Møre og Romsdal