Sterk bortesiger

Molde vann i kveld borte 24–23 mot Storhamar i eliteserien i handball for kvinner. Det var stor spenning i sluttminutta, men då Sherin Obaidli sette inn 24–22 heilt på tampen sikra Molde i realiteten sigeren, sjølv om Storhamar fekk ei redusering heilt til slutt. Storhamar ligg på andreplass i eliteserien, medan Molde no ligg midt på treet med fem sigrar, éin uavgjort og fem tap.