Hopp til innhold

Molde sjukehus stengjer brakke

Det tidlegre administrasjonsbygget ved Molde sjukehus har så dårleg inneklima, at det skal opphøyre som arbeidsstad f rå 16. mai i år.

Administrasjonsbygg Molde sjukehus

I dette bygget blei det påvist dårleg inneklima. Tysdag blei bygget stengt. Etter at det blei klart at bygget skal permanent ut av drift, blei det midlertidig opna att fram til 16. mai.

Foto: NRK

I dag kravde hovudverneombodet ved sjukehuset at Rødbrakka, som har vore administrasjonsbygg, skulle stengast. Stengingsvedtaket blei imidlertid oppheva då det blei klart at brakka skal opphøyre som arbeidsstad.

– Dei tilsette som har arbeidd her har blitt sjuke. Folk har fått biholebetennelse, astma og raude auge, seier hovudverneombod Anita Høgstøyl.

Tysdag ettermidag blei det imidlertid semje mellom hovudverneombodet og direktøren ved sjukehuset om korleis lokala skal avviklast. Sjukehusleiinga skal no finne andre lokale som kan avløyse bruken av Rødbrakka.

Først skal det finnast midlertidige arbeidsplassar. Deretter skal det finnast ei permanent kontorløysing.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL