NRK Meny

Stengte badestrender i Ålesund

Høgt innhald av tarmbakteriar fører til at badestrendene Sandingane og Prinsen i Ålesund er stengde.

Verst er det på Prinsen, der det er målt 7300 tarmbakteriar på 100 milliliter badevatn.

På Sandingane er det målt 2200 tarmbakteriar i 100 milliliter vatn.

Det blir hengt opp skilt på strendene onsdag formiddag.

På Emblemssanden, Volsdalsberga og i Olsvika viser prøvene at det er godt badevatn der.