Hopp til innhold

Stengt veg gir pendlartrøbbel

Lang omkøyringsveg kan føre til kø og forseinkingar for pendlarar og skuleelevar i Herøy. I helga blei delar av fylkesvegen ved Tjørvåg vaska vekk av regnet, og det kan ta fleire dagar før denne blir opna igjen.

Vei rast ut i Tjørvåg

Delar av fylkesvegen ved Tjørvåg raste ut etter regnet laurdag

Foto: Odd-Einar Hjelle

Arnulf Goksøyr

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) i Herøy oppmodar bilistar til å rekne seg ekstra tid på den smale omkøyringsvegen.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var laurdag kveld at nedbørsmengdene tok med seg delar av vegen. Eit dreneringsrør under fylkesvegen gjekk tett og klappa etter kvart saman. Dermed fløymde elva over og tok med seg ein stor bit av vegbana.

Vegen er hovudfartsåra inn til Fosnavåg og det er no omkøyring via fylkesveg ti rundt Gurskøya. I følgje Statens vegvesen kan det ta fleire dagar før vegen kan opnast.

Har sikra skuleskyssen

Den lange omkøyringsvegen skaper vanskar for både skuleelevar og pendlarar i Herøy. Ordførar Arnulf Goksøyr (H) seier dei har jobba gjennom helga for å få på plass skuleskyss til alle og at dette no skal vere på plass.

-Bussane køyrer sine ruter som normalt, men det tar naturleg nok lengre tid enn vanleg. Nokre elevar kjem difor for seint til skulen, seier han.

Smal omkøyringsveg

Goksøyr seier omkøyringsvegen rundt Gurskøya kan skape vanskar fordi den ikkje er dimensjonert for trafikkauken som kjem dei neste dagane.

–Eg køyrde der sjølv i går kveld og såg at det var mykje trafikk i området. Særleg i Gjerdsvika og på Moltu er det vanskelege parti der det kan bli kø før og etter arbeidstid, seier han.

Han oppmodar bilistar til å legge inn ekstra reisetid og køyre forsiktig på den smale vegen.

–Det ligg fleire skular langs vegen som skal avlaste trafikken, så oppmodinga må vere at folk er ekstra forsiktige dei neste dagane.

Omkøyring Herøy

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL