NRK Meny

Stengjer ferjekai i fem timar

Sulesund ferjekai blir stengt frå laurdag 13. mai frå midnatt til klokka 05. Ferja mellom Hareid og Sulesund vil gå til Solavågen desse fem timane. Grunnen er at det skal utførast vedlikehaldsarbeid på kaia, opplyser Statens Vegvesen.

Ferja vil følgje ordinær rutetabell frå Hareid. Fra Solavågen vil avgangstidene være 15 min seinare enn ordinære rutetider frå Sulesund. Overfartstida aukar frå 25 min til ca. 45 min.