Stenger ned etter smitte

I Fjord kommune har dei fått påvist 11 nye tilfelle av covid-19 sidan fredag. Desse skal i hovudsak vere knytt til Stordal, der kommunen har stengt Stordal skule, og vel å ha heimeskule resten av veka. Smitta skal vere påvist i fleire klassetrinn, og blant tilsette på skulen. Alle kultur- og fritidsaktivitetar for barn og unge vert også avlyst denne veka.