NRK Meny

Stenger eit køyrefelt

Måndag 25. september startar arbeidet med å sette opp eit nytt rekkverk ved Møllsvingen i Ørnevegen på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal, melder Statens vegvesen. Det nye rekkverket gjer vegen tryggare for trafikantane. Det blir arbeid frå måndag til fredag mellom kl. 07.00-16.00 frå veke 39 til 43. Ei køyrebane blir stengt, så trafikantane må ta omsyn til kvarandre.