Stengde fjellovergangar i Sør-Noreg og aukande rasfare

Uvêr fører til fleire stengde fjellovergangar i Sør-Noreg. Nysnø og vind aukar også snøskredfare i store delar av landet.

Riksveg 5 over Hardangervidda

STENGT: Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er laurdag stengt på grunn av vêret.

Foto: Statens vegvesen

Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er laurdag stengt på grunn av uvêr. Både riksveg 7 over Hardangervidda, fylkesveg 51 på strekninga mellom Gardli bom og Bygdin og fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt.

Fylkesveg 51 blir ikkje opna laurdag. På fylkesveg 50 Hol-Aurland er det no kolonnekøyring. Det er det også på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. I tillegg opplyser Vegtrafikksentralen at fylkesveg 53 er mellombels stengt.

– I fjellet er det no sterk kuling og periodevis liten storm. Det fører til utfordrande køyreforhold med snøbyer og sterk vind. Dette kjem til å roe seg i løpet av morgondagen, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Før helga sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel om sterk vind og snøbyer i fjellet.

Laster Twitter-innhold

Stor snøskredfare

I Romsdal og Trollheimen er det meldt om stor snøskredfare laurdag. Dette er faregrad fire, som er den nest høgste faregraden. Her kan skred bli løyst ut naturleg og snøskredvarslinga anbefaler difor at ein unngår skredterreng.

I tillegg er det betydeleg snøskredfare i store delar av landet, spesielt i Nord-Noreg og delar av Vestlandet. Snøskredfaren i helga skuldast ustabile forhold på grunn av store mengder nysnø og vind.

Ras i Saudehornet i Ørsta fredag 5. februar

SNØSKRED: I Romsdal og Trollheimen er det meldt om stor snøskredfare laurdag. Dette bildet er frå eit snøskred i februar.

Foto: Per Tore Sætre

– Område i le for vindretninga vil vere mest utsett for snøskred og desse kan bli store. Folk bør absolutt vere forsiktige, spesielt i områda der det er stor snøskredfare, seier Jostein Aasen, vaktleiar ved snøskredvarslinga.

Aasen seier at det er fullt mogleg for dei som ønskjer å fare på skitur i helga å finne trygge alternativ. Men han anbefaler at skigåarar les seg opp på forholda og kvar det er trygt å gå.

– Dei bør i alle fall halde seg unna leheng og område der vinden har frakta inn snø. Ein bør også unngå å gå under leheng, seier han.

Vêret deler landet i to

Statsmeteorolog Martin Granerød fortel at vêret deler landet i to denne helga. Dette skuldast to trykksystem som styrer vêret i heile landet. Det eine er eit høgtrykk som ligg over Nordsjøen og dei britiske øyane, medan det ligg eit lågtrykk ved kysten av Troms.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

ULIKT VÊR: Statsmeteorolog Martin Granerød fortel at vêret deler landet i to.

Foto: NRK

– Medan Sør- og Austlandet ligg i le for vêret som kjem inn frå vest, blir det bygevêr og vind frå Vestlandet og nordover, seier han.

I løpet av helga kan det også bli høge bølger på kysten av Møre og Romsdal, Trøndelag og Norland.

Laster Twitter-innhold

I løpet av helga kan det kome mellom 25–35 centimeter snø enkelte stadar i Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Det er berre å ha snøskuffa klar, er oppfordringa frå Meteorologane.

Temperaturen nord for Stadt vil også gå ned i løpet av helga, noko som vil føre til lågare snøgrense. Det kan dermed også bli sludd- og haglbyer ut mot kysten av landet.

Laster Twitter-innhold

Frå laurdag morgon vil det også danne seg eit polart lågtrykk ute i havområda utanfor Troms og Finnmark. Utover dagen vil dette bevege seg sørover og kan kome til å treffe land ein stad mellom Lofoten og Trøndelag laurdag kveld eller natt til søndag.

Dovrefjell 6.mars.

VIND: Det bles godt på Dovrefjell laurdag.

Foto: Even Lusæter / NRK

Stengt på grunn av rasfare

I Troms er fleire vegar stengd på øyane langs kysten på grunn av ras eller rasfare. Mellom anna er fylkesveg 862 på Senja er stengd mellom Senjahopen og Mefjordaksla grunna rasfare, melder Statens vegvesen. Mindre fylkesvegar på Kvaløya, Ringsvassøya og Arnøya er også stengt.

Laurdag morgon gjekk det eit lite jordras i ei skråning på Ranheim i Trøndelag. Raset skal vere 10–15 meter breitt. Ein geolog har vore på staden og konkludert med at raset kom av tele i ei bratt skråning.

Ras Ranheim

JORDRAS: Laurdag har det gått eit jordras på Ranheim i Trøndelag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK