Stengd veg etter steinras

Eit steinras har gått over vegen ved Rjåneset på E39 mellom Ørsta og Vartdal på Sunnmøre. Delar av raset skal ha treft ein bil, og vegen er stengd for trafikk. Det melder politiet.