Hopp til innhold

Vegen er open igjen etter bilbrann

Fylkesveg 62 var delvis stengd etter ein bilbrann.

Politi

Politiet måtte dirigere trafikken på staden etter bilbrannen på fylkesveg 62. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Nesset brannvesen rykte ut då dei fekk melding om ein bilbrann laurdag.

Bilen stod i køyrebanen, ikkje langt frå Gammelsetra Camping i Nesset.

Ein mann var åleine i bilen. Han kom seg uskadd ut.

Trafikkdirigering på staden

– Brannvesenet har no skumlagd bilen, sa operasjonsleiar Aron Tonning i politiet til NRK.

Han fortalde at vegen var delvis stengd, og at politiet dirigerte trafikken på staden.

Klokka 11.50 varsla politiet at vegen var open for trafikk igjen.