NRK Meny
Normal

Stemora fekk støtte frå familien

Ei kvinne som er tiltalt for grov mishandling av stesonen sin gjennom fleire år, fekk i dag støtte av sine næraste i retten.

Forsvarar Odd Harald Hovde saman med statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim som har tiltalt kvinna

Odd Harald Hovde forsvarer kvinna som er tiltalt for å ha utøvd vald mot stesonen sin og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim har tiltalt kvinna.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Statsadvokaten i Møre og Romsdal har tiltalt kvinna for å ha mishandla stesonen grovt.

Smurte avføring i ansiktet på guten

I morgon er siste dag av rettssaka i Sunnmøre tingrett. I tiltalen mot kvinna står det at ho skal ha smurt avføring i ansiktet på guten, lugga, sparka og slått han. Dette skal ha pågått over to år, frå han var fire.

18 personar har vitna i saka, og fleire av dei har til no støtta framstillinga i tiltalen. Dei har mellom anna stadfesta at guten hadde blåmerker, brannsår og kular.

Han virka også trist over å bli henta i barnehagen. Ifølgje Sunnmørsposten har vitne etter vitne stått fram og fortalt om ein livredd gut med merkjer etter mishandling.

Ifølgje avisa presiserte bistandsadvokat Inger Marie Sperre at folk må ta affære tidlegare når dei mistenkjer mishandling.

Fekk støtte

Men i dag var det vener, familie og kollegaer av den tiltalte sunnmørskvinna som skulle i vitneboksen.

Kvinna har sjølv jobba i barnehage, og styraren i barnehagen ho jobba ved, var ei av dei som forklarte seg i dag.

– Eg er forskrekka over det som har kome fram, sa ho.

– Av og til kunne ho bli veldig bestemt, det var nokre gonger eg måtte minne henne om at vi måtte ta det roleg.

Mor til den tiltalte kvinna omtalte dottera si som ei kjekk og grei jente som det ikkje har vore noko problem med.

– Eg opplevde forholdet mellom henne og guten som veldig bra. Ho tok seg godt av han.

Skifte av omsorgspersonar

Ifølgje forklaringar i retten har guten hatt fleire skifte av omsorgspersonar. No bur han hos ein fosterfamilie, og har vore til behandling hos psykolog. I eit skriv frå psykologen, lese opp av bistandsadvokaten, kom det fram at guten har posttraumatisk stressliding.

– Guten har vist eit høgt stressnivå og har vanskar med å regulere følelsane sine. Han vil ha behov for stabilitet og ro og vil trenge hjelp i lang tid framover, stod det i skrivet.

Vidare stod det at guten har klaga på at han har vondt i magen og i hovudet, noko som er kjent for å kunne følgje nokon som har opplevd traumatiske hendingar.

– Han har vist på ei dukke kva vald han vart utsett for og han seier at han kjenner blodsmak i munnen.

– Latterlege skuldingar

Bestevenninna til den tiltalte forklarte seg også i retten i dag og ho fortalde at den tiltalte kvinna har vore ekstremt prega av situasjonen.

– Då eg fekk høyre om kva ho var skulda for var det nesten slik eg sette meg ned og flirte. Skuldingane er latterlege, rett og slett, sa ho frå vitnebordet.

Saka har fått stor merksemd i media etter at rettsaka mot kvinna byrja i Sunnmøre tingrett denne veka. Mor til den tiltalte kvinna kjenner seg ikkje att i det som har vore skrive i avisene.

– Eg er sjokka. Eg forstår ikkje det som står der, eg kjenner henne ikkje att i det heile tatt, sa ei tydeleg prega mor i retten torsdag.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim, som har tiltalt kvinna, er ikkje overraska over at den tiltalte sine næraste har støtta henne.

– Det var som venta. Ein vel å støtte den ein kjenner best. Mi oppgåve blir no å oppsummere bevisa og vise til at bevisa mot den tiltalte er så sterke at ho blir dømt.

I morgon er siste dag av rettssaka i Sunnmøre tingrett.