Stemor tiltalt for utukt

Ei kvinne i 50-åra frå Romsdal skal gjentekne gongar ha gjort overgrep mot to barn som var under ti år.

Norges lover

Saka skal opp i Romsdal tingrett 16. september.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Saka skal opp i Romsdal tingrett 16. september. Forholda kvinna er tiltalt for skal ha skjedd mellom 1995 og 1999. Dei to borna som ho var stemor for var begge under 10 år då dei seksuelle overgrepa skal ha skjedd. Ifylgje tiltalen har det skjedd gjentekne overgrep i denne perioden.

Peter Engjeberg er utnemnt som bistandsadvokat for eit av borna.

– Eg vil ikkje kommentere saka, seier Engjeberg. Han vil fremje krav om oppreising, men vil ikkje redgjere for grunngivinga før straffesaka startar.

Det er statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som har tatt ut tiltalen. Delar av tiltalen er tatt ut etter ordre frå riksadvokaten.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.