Kortdikt
Samlinga "Frå skuggane" er ein serie med kortdikt.
- Dikta prøvar å fange opp ei stemning i korte ordelag, litt som haiku-dikt, seier Ulstein.
I diktsamlinga har han prøvd å hekte dei saman i kvarandre, sjølv om alle dikta er sjølvstendige. Konsulenten i forlaget Vigestrand, som gir ut boka seinare i haust, oppmuntra Ulstein til å flette dikta saman musikalsk. Dette hjalp Magnar Åm hjelpe til med i Aasen-tunet søndag.
- Vi håpar at musikken girdikta den dimensjonen dei fortener. Saman improviserer vi fram ei framsyning av heile diktsamlinga, seier han.
Menneskelege dimensjonar
Som tittelen på diktsamlinga antyder, handlar dette om noko som slit seg fram mot ei lysning. Dette er grunnideen i samlinga. Det er mykje natur i dikta, men det er likevel ikkje naturskildringar, meir natur som speglar dei menneskelege dimensjonane, seier Jan Ove Ulstein.
Diktsamlinga er delt inn i fleire syklusar. Ein av delane er inspirert av ei fotoutstilling av Elin Høyland som forfattaren opplevde på Obrestad fyr i fjor. Utstillinga handla om folk som overlevde andre verdskrigen.
I Aasen-tunet søndag var også Erik Valderhaug med som ein viktig støttespelar. Han styrte det tekniske og tok opp heile framsyninga slik at ho kan bli gitt ut som lydbok.