Stemmer nei til Nordøyvegen

KrFs Arild Iversen frå Volda vil stemme nei til at bygginga av Nordøyvegen skal starte neste år. Det skriv Sunnmørsposten. Iversen seier han ikkje har grunn til å tru at det er feil og manglar i talgrunnlaget som fylkesrådmannen la fram på måndag. Iversen støttar då forslaget om at prosjektet må ugreiast vidare, sjølv om KrFs gruppeleiar på fylkestinget, Knut Støbakk, stemmer ja for å starte med bygginga.

Arild Iversen
Foto: Trond Vestre / NRK