Stemmer mot å stanse nedlegging

Forslaget om å stoppe nedlegginga av fødeavdelinga ved Kristiansund blei nedstemt på Stortinget med 51 mot 47 stemmer. Dermed er det opp til styret til Helse Møre og Romsdal å avgjere framtida til fødeavdelinga. Saka blir behandla på styremøtet til helseforetaket i morgon, onsdag.